Viser arkivet for stikkord gamal

Litt om skøytesporten i Sogn og Fjordane før i tida.

Jeg har vært på biblioteket i Førde og kikka i bygdebøker. Det skrives litt av hvert om skøytesport. Mine anmerkninger i [hakeparentes].

Fra Stryn heter det:
«Skøyteløp vart halde på Saltnesmyra [som jeg ikke har klart å lokalisere – noen som kan hjelpe?] mest kvart år, for der var jamt brukbar og trygg is om vintrane.

Det var å bruke skøyter med trestokk. «Oppstrynskøyter» av dette slaget var det likaste. Elles laga Ola Bøe (smed-Ola) skøytene til oss småtassane. «Kunstløpsskøyter» var det òg fleire som skaffa seg, men desse dugde ikkje til kappløp.

Den første som skaffa seg moderne langrennskøyter var Arne Bøe (Jordmor-Arne, drog seinare til USA). Han vann og løp i sin klasse 2 år på rad, meiner eg å hugse). Det vart konkurrert i 500 m og 1500 m. Einskilde år vart desse tevlingane arrangert på Nerfloa [vestenden av Oppstrynsvatnet, vest for Mindresunde og Storesunde] når istilhøva gjorde det mogeleg. Andre gongar på Vikabukta (Vikaleirene) [ut for utløpet av Stryneelva]. Martin Tonning (Ris-øyane) var ein flink sprinter på skøyter. Han hadde no òg treningsbana like utafor stovedøra.»

Mer fra Stryn:
«Å nytta isen som framkomstveg i gamal tid var vanleg i vintertida. Ofte kunne dette vera ein farleg veg, men som oftast gjekk det bra. Det var då serleg langs strender ved vatn som vart islagde vintertida at der vaks fram gode skøyteløparar. Dette med å kappast om kven som var best var ein naturleg ting og tevlingar var det då etterkvart i alle bygder. Det vi veit er at 13. dag (januar) 1900 var det eit skøyteløp i Loen og 2. mars eit på Oppstrynsvatnet. Resultata frå desse løp har vi ikkje. Elles so veit ein om skøyteløp i Kjøsbotnen [i vika sør for Skjerneset i Hornindalsvatnet]. Her i Stryn var det heller dårleg med is-tilhøve, men ein hadde Ner-Floen ved Mindresunde om då ikkje ein var so heldig at Vika-leirene fraus til. Saltnes-myra var òg brukbar.

Rasmus A. Sunde var ein god skøyteløpar og ein ivrig idrettsmann og minnest godt at det vart skipa til skøyteløp på Nerfloen, på Vikaleirene og i Olden, ja, frå Stryn og Olden reiste dei og til Kjøs der hornindølene skipa til renn. Dei aller fremste i den fyrste tid i indre Nordfjord var Jakob Myklebust, Stryn, Isak Flo og Kristian Berge, Oppstryn og Sivert Yri, Olden. Seinare kom karar som Arnljot Tonning, Arne A. Bøe, Elias og Martin Tonning. Han kunne hugse at Arnljot Tonning på eit vestlandsstevne på Voss hadde gode sjanser til å verta meistar men fekk på ein eller annan måte skadd skøytene sine. Elles var det etter hans meining mange gode emner når dei berre kunne få bra høve til å trene. Ein mann som heitte Ivar Meland reiste til Amerika og var der ein god representant for skøytesporten. Han vann mange premiar og medaljer der borte.

Rasmus Sunde hugsar elles at både sommar og vinter vart det drive idrett i Stryn. Turn var det som var best organisert og det var Rasmus Aasheim som stod føre leiinga i den fyrste tid. Når det gjeld den vidare utvikling i skøytesporten so har ein lite å halde seg til. Det var først etter 1945 at ein finn noko sikkert. I denne tida fram til omlag 1962 var det Oddmund Tonning som dominerte. Han vann nordfjordmeisterskapen i 1953, 1954, 1955, 1960 og so seint som i 1962. Han vart fylkesmeistar 4 ganger, 1954, 1955 og 1961. Han var då 49 år. Elles so må ein nemne Trygve Fure som ein sers god skøyteløpar. Han reiste tidleg frå bygda. Harald Breidablikk vart nordfjordmeistar i 1969 og 1972.

Det var òg mange lovande emner til gode skøyteløparar millom junior og kan nemne Arne Ljåstad som var juniormeistar i nordfjordmeisterskapen i 1954 og 1955. Asbjørn Sunde må òg nemnast i denne samanheng.

Skøyteidretten har nær sagt leva under tilfeldigheit. Ein dag har det vore brukbare tilhøve for so neste dag å finna at alt var borte av det som ein kunne kalle is. Det har difor veksla sterkt i denne grein og når det då ikkje finst korkje treningsbane eller brukbar tevlingsbane kan det ikkje verta noko før dette vart retta på.»

Mer om dette siden.